Abonner via RSS eller E-post

Den onde sirkelen anmeldt i Klassekampen

Publisert den 26.08.2013 i Blogg

Bokmagasinet i Klassekampen har anmeldt Den onde sirkelen. Anmeldelsen ligger ikke på nett, men jeg har sakset noen utdrag, og forsøkt å få med kritikken også, ikke bare det positive:

«35-åringen frå Telemark er noko så uvanleg som ein folkeleg og forførande Høgre-mann. Pamfletten «Den onde sirkelen» er kanskje programerklæringa til vår neste arbeidsminister. Her skriv han om store, komplekse velferdsspørsmål på ein konkret og nær måte.»

«Argumentasjonen er forførande og lett å følgje: Det er urovekkjande at fellesskolen har svikta, viss Nav-ytingar er så gode at dei låser folk til
passivitet, og om trygdelivet går i arv. Isaksen peiker på svikt som dei som kjempar for velferdsstaten burde hindra eller reparert. Det er
uforståeleg at venstresida gjennom tiår har late skolen halde fram med å svikte dei svakaste og undervurdere rolla til læraren. Isaksen viser
gode døme på ukritisk trygdeutbetaling, og på tiltak som blir nyttelause utan krav til innsats. Kanskje sviktar venstresidas samfunnskritikk når den må vera sjølvkritisk. Men nokon av problema til Isaksen er det brei semje om, andre er ikkje godt underbygde og fleire av dei har ikkje
Høgre gode svar på.»

«Omgrepet utanforskap er ikkje ideologisk gründerverksemd av Isaksen, men svenskehandel. Moderatarna gjorde «utanförskap» til det
store samfunnsproblemet i Sverige før valet i 2006, og forførte veljarane. Sidan den gong har andelen av folket som lever på trygd gått ned, i
takt med hardhendte kutt. (…) Pamfletten til Torbjørn Røe Isaksen bør lesast, fordi han viser svikt ved velferdsstaten. Men Isaksen tilslører at det er eit større problem at folk som ønskjer å jobbe ikkje får jobb, enn at dei får trygd.»

Del på Facebook | Del på Twitter

Har du en mening?